I august 2021 ble det lansert en ny internrevisjonsrapport for bruken av tvang i Helse-Vest. Arbeidet har vært en oppfølging av forrige internrevisjon i 2014. Rapporten viser til at flere av tilrådingene i 2014 er fulgt opp, men at det har vært en fortsatt økning i tvangsbruk og at det er store forskjeller innad i regionen.
Utdrag fra rapportens kapittel 6 – Vurderingar og tilrådningar:
«…Fortsatt auke i tvangsbruk og vesentleg variasjon i omfang og bruk av ulike tvangsmiddel, er etter
internrevisjonen si vurdering ikkje i samsvar med overordna styringssignal frå HOD til Helse Vest
RHF, og frå Helse Vest RHF til helseføretaka, om redusert bruk av tvang. Både Helse Vest RHF og
føretaka viser også i denne undersøkinga til at det er mogleg å redusere og/eller endre bruk
av ulike tvangsmiddel dersom ein i endå større grad arbeider med føresetnadane tvangen skjer
innanfor.
Det er fleire forklaringar på kva variasjonen i bruk av tvang mellom føretaka skuldast, og det er
eit samansett bilete. Dei fleste som blir spurt opplyser at det er vanskeleg å peike på
enkeltståande årsaker bak dei ulike tala og variasjonane som er avdekka, sjølv om det er kjent kva
forhold som kan verke positivt for å få ned tvangsbruken/sikre rett bruk av tvang, og kva som kan
hindre dette.
Ulik registreringspraksis er også etter internrevisjonen si vurdering framleis ein kompliserande
faktor når ein skal vurdere utviklinga av tvangmiddelbruken og andre tiltak etter kap. 4 i psykisk
helsevernlova, sjølv om registreringa er klart betre i dag enn i 2014. Etter vår vurdering er det
sannsynleg at det både er tilfelle av under- og overrapportering, som heng saman med at
regelverket er komplekst og blir fortolka ulikt. Internrevisjonen meiner det framleis er nødvendig
at Helse Vest RHF saman med føretaka arbeider vidare for å heve kvaliteten og auke
harmoniseringa knytt til registrering av tvangsbruken.
Sjølv om registreringspraksis kan påverke tala, meiner internrevisjonen at det er reelle forskjellar
mellom føretaka når det gjeld tvangsbruk. Det er derfor viktig å vurdere kva tiltak som kan settast
i verk for å få meir rett tvangsbruk. For tvangsinnleggingar er det særleg samhandling med
kommunane, og etablering og god bruk av FACT og/ACT team som blir peika på som viktige tiltak.
Det som særleg blir framheva å påverke bruk av tvangsmiddel er knytt til bygningsmessig
forhold/fysisk utforming og tilstrekkeleg kapasitet på rett type plassar, slik som i
sikkerheitspsykiatrien der kapasiteten i dag er for lav. Vidare blir det peikt på at det er viktig å ha
tilgang på spesialistar og anna faglært personell, samt at det kontinuerleg blir arbeidd med
opplæring og kompetanseheving. Kultur og leiing er også framheva av mange som avgjerande for
å få nødvendig endring i praksis.
Undersøkinga viser at målet i oppdrags- og styringsdokument om reduksjon i tvangsbruk i
liten grad er operasjonalisert, verken av Helse Vest RHF eller av dei enkelte føretaka med
omsyn til konkrete mål for kva ein ønskjer å oppnå, kor mykje og korleis, sjølv om Helse Fonna i
nokon grad har gjort dette. Internrevisjonen meiner at mangelfull operasjonalisering av
reduksjon i tvangsbruk kan medverke til manglande heilskapleg styring og oppfølging av tvangsbruk i Helse Vest RHF og helseføretaka. Denne undersøkinga viser at dersom det blir retta merksemd og innsats inn på eit område, slik som det å jobbe med reduksjon av mekanisk tvang i Helse Stavanger og Helse Fonna, betre registrering av fastholding i Helse Førde, og betre registrering av isolasjon i i Helse Bergen, så har dette betydning for resultatet. Internrevisjonen
meiner derfor at Helse Vest RHF og føretaka bør arbeide med å konkretisere kva dei konkret ønskjer å oppnå (resultat) og hva forhold (innsatsfaktorar) dei meiner har vesentleg innverknad på rett bruk av tvang. Dette mogeleggjer betre vurdering av utviklinga og om områda ein arbeider med har ønskt effekt….»